Byggdriftarfaget
Som byggdriftar jobbar ein til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområde, både i privat og kommunal sektor. Moderne bygg i dag er so samansette og komplekse, med so mange integrerte system, at det krevjast fagfolk med brei kompetanse for å ivareta drifta og vedlikehaldet. I dette yrket vil du få erfaring med SD-anlegg (sentral driftskontroll): varme-, kjøle og ventilasjonsanlegg, heisanlegg, sprinkelanlegg, brannvarslingsanlegg og sikringstiltak, samt elektroinstallasjonar. Energiøkonomisering, utslepp og kjeldesortering er andre områder ein jobbar med. Ein må kunne nytte og forstå spesifikasjonar og teikningar, samt bruke digitale verktøy. Andre viktige områder er HMS, relevant lovverk og standarder og bruk av data. Som byggdriftar bør ein vere utadvendt og like å kommunisere med andre, då ein har tett dialog med eigar, brukarar og eksterne tenestetilbydarar.
 
Byggdriftarfaget blei 1.august 2014 godkjent som fag i den vidaregåande skulen. Vaktmeisteryrket har ikkje tidlegare hatt krav til formell kompetanse, men har bygd på kunnskap og erfaring frå andre fag. Byggdriftarfaget byggjer på utviklinga av vaktmeisteryrket i samfunnet. Moderne byggjemetodar og komplekse tekniske løysningar gjer faget både omfattande, spennande og krevjande. Med det nye fagbrevet vil byggdriftarar framover få auka sin kompetanse og soleis stå betre rusta til å utføre denne viktige jobben.
 
Utdanning:
VG1 bygg og anleggsteknikk
3 års praksis i bedrift; byggdriftarfaget
 
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev.
Les meir i læreplanen

 

OKIHO på facebook  
Aktuelt
Andre nettstader
Nye fagbrev
Opplæringskontoret for Indre Hordaland

 Telefon
 95 81 63 73












 Adresse
 Brynaskogen 25
 5705 VOSS



        Rediger