Fagbrev![]() Eit fagbrev gjev høg anerkjenning og gjer det dermed lettare å få jobb, fleire å velja mellom og høgare løn. Med fagutdanning tilfører du bedrifta tiltrengt kompetanse, og fagbrevet gjev deg ein formell godkjenning av din kompetanse.
Det vert meir og meir vanleg å stilla krav om fagbrev hjå dei tilsette. Dersom du tek påbygging på fagutdanninga til studiekompetanse, kan fagbrevet bli starten til vidare høgare utdanning.
Det er fleire vegar som fører fram til fagbrev:Lærlingeordninga
Lærlingeordninga har lange røter i norsk i historie. Ordninga baserer seg på ein hovudmodell med 2 år i vidaregåande skule og 2 år praktisk opplæring i bedrift. Fagprøva er sett saman av ein teoretisk og ein praktisk del. Teoretisk del er ferdig ved fullført og bestått to år i vidaregåande skule. Praktisk del er ferdig etter to år med opplæring i bedrift når du avlegg fagprøve /svenneprøve.
![]() Totalt vil denne utdanninga ta deg 4 år, der dei to siste er med lærlingeløn.
Full opplæring i bedrift
Ungdom som ikkje har vidaregåande skule, kan teikna lærekontrakt med avtale om full opplæring i bedrift over ein periode på fire år. Lærlingen følgjer undervisning i vidaregåande skule ein dag i veka gjennom tre av dei fire åra. Han/ho tek fellesfaga og tverrfagleg eksamen i det faget han skal ta fagprøve i, før han kan gå opp til fagprøven. Han mottek lærlingeløn for to år, fordelt over heile læreperioden på fire år. Vaksenlærling
Om du er nytilsett eller tilsett med kort erfaring innan faget, kan vaksenlærling vera eit godt alternativ. Den tilsette får lærekontrakt, held normalt fram i vanleg løn, meldast opp til kurs/eksamenar han manglar og tek fagprøve etter endt læretid (sistnemde varierer etter den enkelte sin bakgrunn). Bedrifta får tilskot (basis 2) for lærlingen, og ordninga vil soleis kunne vera svært interessant både for bedrifta og den tilsette. Tilsette med fagbrev, som f.eks. ynskjer å ta eit beslekta fagbrev - vil få avkorting i læretida. Praksiskandidat
Det er fullt mogeleg å ta fagbrev sjølv om du ikkje er lærling. Ein praksiskandidat har 25 prosent lengre praksistid i faget enn ein lærling har læretid. Det vil seie fem år praksis innan fag som har læretid på fire år. Det vert gjeve avskriving frå denne tida hvis du har relevant skulegang. Praksiskandidaten må bestå ein eigen tverrfagleg teorieksamen innan faget etter læreplanen for vg3/opplæring i bedrift, før du kan melde seg opp til fag/sveineprøve. Dette er offentlege eksamenar som vert haldne to gongar årleg. Dette får du informasjon om hjå ditt respektive fylke. Du kan også kontakte oss. Meir informasjon om praksiskandidatordninga finn du her.
Lærekandidat
Kva er forskjellen på ein lærling og ein lærekandidat? Ein lærling skal nå alle måla i læreplanen, mens lærekandidaten tek sikte på arbeidsoppgåver innan ein avgrensa del av læreplanen. Variasjonane kan vere store; nokon kan nå mange av måla i VG3 læreplanen, mens andre har ein måloppnåing på eksempelvis 50%. Det er mogeleg å gjere om ein opplæringskontrakt til ein lærekontrakt og omvendt undervegs i læreløpet. Lærekandidaten teiknar ein opplæringskontrakt med sikte på ein mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Lærekandidaten får eit kompetansebevis ved bestått fagprøve. Modellen er som for lærlingar: to år i skule og to år i bedrift.
Meir informasjon om ordninga finn du her.
Bli lærling i våre medlemsbedrifter
For å få lærekontrakt med ei bedrift er det viktig at du sjølv står på og tek kontakt med opplæringskontor og bedrifter i tillegg til formidlingsprosessen som går gjennom fylket. Som lærling er du sikra dine rettar som gjev deg løn og rette vilkår i opplæringsperioden. Lærekontrakta teiknar du med Opplæringskontoret som hjelper og følger opp lærling og bedrift på vegen fram til fagbrev. |