Lærlingeintervju: reislivsfaget

Lærlingeintervju: reislivsfaget

Arsalan Portazedi (21) er den einaste lærlingen i reiselivsfaget i Hordaland fylke, tilsett hjå Destinasjon Voss As. Då han gjekk reiselivslina ved Voss vidaregåande skule i 2011, bestemte han seg for å prøve å ta fagbrev i reiselivsfaget, sjølv om det finnast svært få læreplassar i dette faget. - Det beste med denne jobben er at ein alltid opplever noko nytt og har eit variert arbeid, sier han.

 

Kvifor reiselivsfaget

Eg har alltid vore glad i å reise, fortel Arsalan; Stording med røter i Persia, no busett på Voss på fjerde året. Eg likar å oppleve nye kulturar, treffe nye folk og gjere nye ting, noko ein får godt høve til i dette faget. Destinasjon Voss driv også turistinformasjonen på Voss, so i sommarsesongen kjem det vel med Arsalan sine språkkunnskapar; litt spansk og italiensk, flytande persisk, samt norsk og engelsk. Då hjelper han turistar frå heile verda med informasjon om kva Vossadistriktet har å by på; alt frå sal av gåvekort på aktivitetar som rafting og vindtunnel, til å hjelpe einkvan å finne fram til garden besteforeldra deira vaks opp.

Arbeidsoppgåver

Andre oppgåver han har i jobben som lærling er å ta ansvar for butikken, der dei sel diverse produkt med Vossareklame. Han åpnar og stenger butikken, held varelageret ajour, tek kassaoppgjer, og jobbar med nettbutikken deira.I tillegg har han jobba ein del med marknadsføring. Blant anna har han delteke i utforminga av brosjyrene Vossavinter og Voss Guide. Sidan han også fotograferer, var han heldig og fekk prøve seg å ta nokre bilete til nye Voss Guide 2013.

Delar av læretida i utlandet

Opplæringskontoret for Indre Hordaland har motteke to stipend for reiselivslærlingar, og til hausten vil Arsalan nyte godt av dette. Han skal tilbringe tre månader av læretida si hjå ei reiselivsbedrift i Murcia i Spania - noko han ser fram til med spenning og glede.

Arbeidsmogelegheiter

På spørsmål om korleis han ser føre seg ei framtidig yrkeskarriere, seier Arsalan at det er vanskeleg å svare for meir enn dei næraste åra. - Uansett kan eg godt tenke meg å jobbe ei tid her hjå Destinasjon Voss, etter at eg har teke fagbrevet, fortel han. Han er ivrig hobbyfotograf, og vurderer seinare å kanskje ta meir utdanning innan foto, og sjå om han kan kombinere dette med reiselivsfaget.
 
For meir fakta om reiselivfaget, sjå her.
For meir fakta om vegen fram til fagbrev for praksiskandidatar i reiselivsfaget eller resepsjonsfaget, sjå her.


Ledige læreplassar
 

Ledige læreplassar

Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..

03.10.2016
 

Mitt yrke - idrettsanleggsfaget

Enten det er snøføyk eller sol frå skyfri himmel, vil du truleg finne Ole Martin Mjånes i skianlegget i Myrkdalen. Ei mørk vinternatt køyrer han trakkemaskin. Ein varm sommardag driv han med skoging og kvisting til ny løypetrase. Kontrastane er store, og arbeidsoppgåvene varierte. «Eg kunne ikkje hatt det betre», fortel ein glad lærling. Les meir..

17.08.2016

Framleis ledige læreplassar

Pr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..

11.03.2016

Ledige læreplassar

Våre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..

08.03.2016

Auka kompetanse i distriktet

På den årlege festmiddagen på Park Hotel i januar 2016, fekk stolte fagarbeidarar utdelt fagbreva sine av ordførar Hans Erik Ringkjøb. Heile 33 personar tok fagbrev hjå våre medlemsbedrifter i 2015. Fagbreva fordelte seg over 9 ulike fag, og kjønnsfordelinga var 13 kvinner og 20 menn. 28 av dei var lærlingar, medan 5 tok fagbrev som praksiskandidatar. Les meir..

02.12.2015

Salsfaget - mitt lærefag

På Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..

30.10.2015

Røyrleggjarlærling

Frode Hjortland er lærling i røyrleggjarfaget. Han byrja læretida si i 2013 hjå Kolskår & Utne As i Granvin. Sjølv bur han i Ulvik, men har både Granvin, Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang og Hardangervidda som arbeidsområder. «I eit lite firma kjem du bort i alt mogeleg av arbeidsoppgåver. Eg trivast godt, og har ein svært variert jobb», seier han. Les meir..

19.11.2014

Fyrste lærlingen i Hordaland

Jens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..

22.10.2014

Byggdriftarfaget - nytt fagbrev

Vaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..

15.04.2014

Helsefag i Spania

Våren 2014 jobba lærling i helsearbeidarfaget, Stine Bukkestein Trohjell, på Fundacion Betanien i Alicante i Spania. Dette takka vere ordninga med Leonardo da Vinci-stipend. Institusjonen har blant anna fokus på å aktivisere beburarane sine. Dette oppdagar du straks du kjem inn i vestibylen, der blikket automatisk vert dradd mot to store og fargerike oppslagstavler som informerer om alle aktivitetane dei neste 14 dagane. Les meir..

14.02.2014

Mitt yrke

"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..

29.01.2014

Stolte fagfolk

Voss og nabokommunane har fått 30 nye fagarbeidarar. Alle har vore tilsette i medlemsbedriftene til Opplæringskontoret. Fredag 24.januar fekk dei utdelt fagbrevet sit i glas og råme av ordførar Hans-Erik Ringkjøb, på det årlege arrangementet på Park Hotell. Ordførararen meiner fagarbeidarane har mykje å seie for distriktet. Les meir..

22.02.2013

Lærlingeintervju: anleggsmaskinførarfaget

- Eg kunne ikkje ha tenkt meg noko anna arbeid, uttalar ein særs nøgd lærling, Jostein Skjærven. - Kvar dag får eg gjere det eg likar best; å køyre maskin. Allereie i ung alder visste han at det var maskinførar han ville bli. Les meir..

21.02.2013

Lærlingeintervju: betongfaget

Sondre Een Kvalfoss er lærling i betongfaget på andre året. Den dagen vi er på vitjing, er det minus 10 grader. - Kulden gjer meg stort sett ingenting, smiler lærlingen som saman med kollegaer har sett opp ein forskalingsmur på Voss stasjon.- Det beste med arbeidet er å få jobbe ute heile året med praktiske og varierte arbeidsoppgåver, seier han. Les meir..

30.01.2013

33 nye fagarbeidarar

Det var ein gjeng både glade og stolte fagarbeidarar som 25.januar mottok fagbrevet sitt av ordførar Hans-Erik Ringkjøb, på det årlege arrangementet Opplæringskontoret har på Park Hotel Vossevangen. Totalt tok 33 personar i våre lærebedrifter fagbrev i 2012. Det er ein auke på heile 50% i forhold til 2011. - Ein styrke for regionen, seier ordføraren. Les meir..

17.12.2012

Lærlingeintervju: reiselivsfaget

Arsalan Portazedi (21) er den einaste lærlingen i reiselivsfaget i Hordaland fylke, tilsett hjå vår medlemsbedrift; Destinasjon Voss As. Då han gjekk reiselivslina ved Voss vidaregåande skule i 2011, bestemte han seg for å prøve å ta fagbrev i reiselivsfaget, sjølv om det finnast svært få læreplassar i dette faget. - Det beste med denne jobben er at ein alltid opplever noko nytt og har eit variert arbeid, sier han. Les meir..


11.12.2012

Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfaget

Det var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..

11.12.2012

Heldige lærlingar til Spania

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..

11.12.2012

Instruktørkurs på Voss

2. og 3. oktober blei det arrangert kurs for lærling-instruktørar og fagansvarlege på Voss. I alt deltok 19 personar frå lærebedrifter på Voss og nabokommunane Modalen og Vaksdal, dei aller fleste medlemer hjå Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Les meir..

11.12.2012

Nye fagfolk

Totalt var det 22 personar tilknytta Opplæringskontoret som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2011. Den årlege utdelinga av fagbrev fann stad på Park Hotel Vossevangen 03.februar 2012. Les meir..

OKIHO på facebook  
Aktuelt
Andre nettstader
Nye fagarbeidarar
Opplæringskontoret for Indre Hordaland

 Telefon
 56 51 44 60



 Mobil
 958 16 373






 Postadresse
 Postboks 94
 5701 VOSS



 Besøksadresse
 Furevegen 15
 5705 VOSS



        Rediger