Fyrste lærlingen i Hordaland

Jens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. På biletet ser du Jens Martin som oppdaterer dørlåsane ved hjelp av eit digitalt avlesingsapparat.

Kvifor valde du dette yrket?

«Det var nok litt tilfeldig», fortel Jens Martin. «Eg starta på Myrkdalen Hotel på kjøkkenet -i oppvasken. Seinare fekk eg tilbod om å bli vedlikehaldsarbeidar då stillinga blei ledig. Eg har to års relevant utdanning frå vidaregåande skule. Dette med fagbrev kom opp som tema då vi fekk greie på det nye byggdriftarfaget. Etter å ha kontakta Opplæringskontoret ordna det seg ved at eg fekk plass på teorikurset som Vaksenopplæringa arrangerer, og deretter blei bedrifta godkjend lærebedrift, og sjefen stilte seg positiv til at eg fekk læreplass i staden for å vere vedlikehaldsarbeidar».

Kva type arbeidsoppgåver har du?

«Det er ulikt frå dag til dag. Eg ryddar og held orden både ute og inne, driv med generelt vedlikehald og utfører mindre reparasjonar. Hotellet har eit nettbasert internkontroll-system for vedlikehald og drift, og i dette ligg mange forskjellige sjekkpunkt som vi utfører dagleg, eller på vekes-, månads- og halvårsbasis. Nokre oppgåver vert igjen kontrollert av eksterne tilsyn, slik som heiskontroll, brannsikkerheit med fleire. HMS er ein viktig del av jobben min.»

På biletet sjekkar Jens Martin og fagansvarleg Nils Eirik Gregersen trykket på varmebatteriet på eit av hotellet sine mange ventilasjonsanlegg.

Kva utdanning/kvalifikasjonar må ein ha som byggdriftarlærling?

«Utgangspunktet er at ein har Vg1 bygg og anleggsteknikk. Sjølv har eg også Vg2 byggteknikk. Elles er det viktig å vere praktisk og like å kommunisere med folk, ein snakkar gjerne med mange i løpet av ein arbeidsdag», fortel Jens Martin. Fagopplæringskontoret informerer om at hovudløpet for ein lærling i byggdriftarfaget er Vg1 bygg og anleggsteknikk, deretter 3 års læretid i bedrift.

Kva er det beste med yrket ditt?

Svaret på spørsmålet kjem raskt: « Det at ingen dagar er like, og at det er det er so stor variasjon i dei ulike arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen». Han tykkjer at dette gjer jobben spennande og utfordrande.

Kva mogelegheiter finnast innan yrket ditt etter fullført læretid?

«Eg er heldig som hadde jobb frå før av på hotellet, og får difor tilbod om jobb her etter læretida også. Då vonar eg å få større ansvar og fleire sjølvstendige arbeidsoppgåver etterkvart som eg opparbeider meg erfaring».

Kva tema har de på teorikurset i byggdriftar-faget?

«Denne hausten lærer vi hovudsakleg om HMS, internkontroll-system, databruk og elektro, samt at vi får ei praktisk øvingsoppgåve», seier lærlingen.

Kontroll av motorvernbrytarar til sirkulasjonspumpe og komponentar til SD-anlegget er ein del av dei faste rutinene Jens Martin får opplæring i.

Jens Martin er den einaste lærlingen på kurset som Vaksenopplæringa arrangerer. Dei 21 andre deltakarane er deltakarar med mange års praksis frå vaktmeisteryrket, og som har planar om å ta fagbrev som praksiskandidat når eksamen er bestått neste år. Fagansvarleg Nils Eirik Gregersen deltek også på kurset, då han tykte det var svært interessant å få auka kompetanse ved å ta det nye fagbrevet. Frå før av har han fagbrev som tømrar.

Kva er det beste med lærebedrift di?

«Det at eg har so gode kollegaer og at det er eit svært godt arbeidsmiljø her. Vi er tilsette frå fleire land som jobbar her, men alle snakkar med alle og ikkje nokon vert utelatne. Elles har eg ein god tone med min fagansvarlege, og det er betyr mykje. I tillegg vert eg godt ivareteken av bedrifta ved at eg får delta på relevante og aktuelle kurs som eg har god nytte av i jobben min», avluttar ein nøgd lærling.




Ledige læreplassar
 

Ledige læreplassar

Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..

03.10.2016
 

Mitt yrke - idrettsanleggsfaget

Enten det er snøføyk eller sol frå skyfri himmel, vil du truleg finne Ole Martin Mjånes i skianlegget i Myrkdalen. Ei mørk vinternatt køyrer han trakkemaskin. Ein varm sommardag driv han med skoging og kvisting til ny løypetrase. Kontrastane er store, og arbeidsoppgåvene varierte. «Eg kunne ikkje hatt det betre», fortel ein glad lærling. Les meir..

17.08.2016

Framleis ledige læreplassar

Pr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..

11.03.2016

Ledige læreplassar

Våre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..

08.03.2016

Auka kompetanse i distriktet

På den årlege festmiddagen på Park Hotel i januar 2016, fekk stolte fagarbeidarar utdelt fagbreva sine av ordførar Hans Erik Ringkjøb. Heile 33 personar tok fagbrev hjå våre medlemsbedrifter i 2015. Fagbreva fordelte seg over 9 ulike fag, og kjønnsfordelinga var 13 kvinner og 20 menn. 28 av dei var lærlingar, medan 5 tok fagbrev som praksiskandidatar. Les meir..

02.12.2015

Salsfaget - mitt lærefag

På Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..

30.10.2015

Røyrleggjarlærling

Frode Hjortland er lærling i røyrleggjarfaget. Han byrja læretida si i 2013 hjå Kolskår & Utne As i Granvin. Sjølv bur han i Ulvik, men har både Granvin, Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang og Hardangervidda som arbeidsområder. «I eit lite firma kjem du bort i alt mogeleg av arbeidsoppgåver. Eg trivast godt, og har ein svært variert jobb», seier han. Les meir..

19.11.2014

Fyrste lærlingen i Hordaland

Jens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..

22.10.2014

Byggdriftarfaget - nytt fagbrev

Vaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..

15.04.2014

Helsefag i Spania

Våren 2014 jobba lærling i helsearbeidarfaget, Stine Bukkestein Trohjell, på Fundacion Betanien i Alicante i Spania. Dette takka vere ordninga med Leonardo da Vinci-stipend. Institusjonen har blant anna fokus på å aktivisere beburarane sine. Dette oppdagar du straks du kjem inn i vestibylen, der blikket automatisk vert dradd mot to store og fargerike oppslagstavler som informerer om alle aktivitetane dei neste 14 dagane. Les meir..

14.02.2014

Mitt yrke

"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..

29.01.2014

Stolte fagfolk

Voss og nabokommunane har fått 30 nye fagarbeidarar. Alle har vore tilsette i medlemsbedriftene til Opplæringskontoret. Fredag 24.januar fekk dei utdelt fagbrevet sit i glas og råme av ordførar Hans-Erik Ringkjøb, på det årlege arrangementet på Park Hotell. Ordførararen meiner fagarbeidarane har mykje å seie for distriktet. Les meir..

22.02.2013

Lærlingeintervju: anleggsmaskinførarfaget

- Eg kunne ikkje ha tenkt meg noko anna arbeid, uttalar ein særs nøgd lærling, Jostein Skjærven. - Kvar dag får eg gjere det eg likar best; å køyre maskin. Allereie i ung alder visste han at det var maskinførar han ville bli. Les meir..

21.02.2013

Lærlingeintervju: betongfaget

Sondre Een Kvalfoss er lærling i betongfaget på andre året. Den dagen vi er på vitjing, er det minus 10 grader. - Kulden gjer meg stort sett ingenting, smiler lærlingen som saman med kollegaer har sett opp ein forskalingsmur på Voss stasjon.- Det beste med arbeidet er å få jobbe ute heile året med praktiske og varierte arbeidsoppgåver, seier han. Les meir..

30.01.2013

33 nye fagarbeidarar

Det var ein gjeng både glade og stolte fagarbeidarar som 25.januar mottok fagbrevet sitt av ordførar Hans-Erik Ringkjøb, på det årlege arrangementet Opplæringskontoret har på Park Hotel Vossevangen. Totalt tok 33 personar i våre lærebedrifter fagbrev i 2012. Det er ein auke på heile 50% i forhold til 2011. - Ein styrke for regionen, seier ordføraren. Les meir..

17.12.2012

Lærlingeintervju: reiselivsfaget

Arsalan Portazedi (21) er den einaste lærlingen i reiselivsfaget i Hordaland fylke, tilsett hjå vår medlemsbedrift; Destinasjon Voss As. Då han gjekk reiselivslina ved Voss vidaregåande skule i 2011, bestemte han seg for å prøve å ta fagbrev i reiselivsfaget, sjølv om det finnast svært få læreplassar i dette faget. - Det beste med denne jobben er at ein alltid opplever noko nytt og har eit variert arbeid, sier han. Les meir..


11.12.2012

Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfaget

Det var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..

11.12.2012

Heldige lærlingar til Spania

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..

11.12.2012

Instruktørkurs på Voss

2. og 3. oktober blei det arrangert kurs for lærling-instruktørar og fagansvarlege på Voss. I alt deltok 19 personar frå lærebedrifter på Voss og nabokommunane Modalen og Vaksdal, dei aller fleste medlemer hjå Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Les meir..

11.12.2012

Nye fagfolk

Totalt var det 22 personar tilknytta Opplæringskontoret som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2011. Den årlege utdelinga av fagbrev fann stad på Park Hotel Vossevangen 03.februar 2012. Les meir..

OKIHO på facebook  
Aktuelt
Andre nettstader
Nye fagarbeidarar
Opplæringskontoret for Indre Hordaland

 Telefon
 56 51 44 60



 Mobil
 958 16 373






 Postadresse
 Postboks 94
 5701 VOSS



 Besøksadresse
 Furevegen 15
 5705 VOSS



        Rediger