Røyrleggjar - mitt fagFrode Hjortland er lærling i røyrleggjarfaget. Han byrja læretida si i 2013 hjå Kolskår & Utne As i Granvin. Sjølv bur han i Ulvik, men har både Granvin, Ulvik, Eidfjord, Voss, Ullensvang og Hardangervidda som arbeidsområder. «I eit lite firma kjem du bort i alt mogeleg av arbeidsoppgåver. Eg trivast godt, og har ein svært variert jobb», seier han. Frode har bilfag frå vidaregåande skule. Det er eit anna programområde enn røyrleggjarfaget krev, og difor fekk han forholdsvis lang læretid; 3,5 år. Fagprøven skal han avleggje våren 2017.
Rolf Utne og Frode nyttar maskin for bøying av røyr til mapress - til bruk i varmeanlegg og drikkevatn Røyrleggjarfaget omfattar installasjon, modernisering, montering, service og reparasjon av sanitæranlegg og andre anlegg. Vassborne anlegg, energigassanlegg og sprinkelanlegg er også arbeidsfelt som ligg under dette faget. Røyrleggjarar utfører arbeid i privatbustader, hytter, institusjons- og forretningsbygg, på byggje- og anleggsplassar og på skips-, industri- og offshoreanlegg.
Kvifor valde du denne utdanninga? «Eg har fagbrev i bilskadefaget frå før, men der er det ikkje so mange jobbar å velge i. Etter militærtenesta byrja eg difor som hjelpearbeidar i målarfaget. Noko seinare fekk eg via kontaktar prøve meg i røyrleggjarfaget hjå Kolskår & Utne. Her trivdest eg svært godt. Heldigvis ville dei satse på meg som lærling - so etter eit halvt års tid, fekk eg lærekontrakt her», fortel Frode.
Kva er positivt og kva er utfordrande i denne jobben? «Vi er berre tre tilsette, og då må alle kunne litt om alt - det er lærerikt. Det kjekkaste er Det hender til og med at vi blir inviterte på kaffi og kaker av kunden, og det er sjølvsagt kjekt - då betyr det at dei er nøgde med jobben vi utfører. Vi jobbar både inne og ute, på nybygg/i hytter og med rehabilitering og ombyggingsprosjekt».
Viktige personlege eigenskapar? «Det viktigaste av alt er å vere nøyaktig. Ein må vere sikker på at alt er tett og gjort utførleg, slik at ein unngår lekkasjar. Heldigvis har alt gått fint til no», seier Frode blidt. «Elles må du kunne kunne arbeide sjølvstendig, og ha ein god dialog med kunden». Vidare fortel han at det er viktig å ha teknisk innsikt og kunne sjå føre seg korleis heile jobben kan leggjast opp best mogeleg, - spesielt med tanke på samarbeid med andre fagarbeidarar, som til dømes elektrikarar. "Sidan vi ofte er fleire typar fagfolk på ein byggjeplass, er det viktig å ta hensyn til kvarandre, slik at alle får gjort det dei skal i rett rekkefylgje". Frode høyrer med Jon Kolskår og Rolf om dei skal ha med slukboren på jobb Kva tenkjer du om å ha 3,5 års læretid? «Det går heilt fint. Eg lærer mykje raskare gjennom praktisk arbeid enn gjennom teoretisk opplæring, so dette er ei god ordning for meg som ikkje er so glad i teori», fortel han. Likevel reiste han ein dag i veka frå Ulvik til Bergen for teoriundervisning i røyrleggjarfaget gjennom heile skuleåret 2014-15. Det var 2,5 time reise kvar veg, men med si positive innstilling kom han seg fint gjennom det også. I juni bestod han tverrfagleg eksamen - og er soleis ferdig med den teoretiske delen av utdanninga.
Korleis ser du føre deg yrkeslivet når du har teke fagbrev? «Røyrleggjaryrket er eit godt val med tanke på framtidig arbeid. I distriktet her er det heller ikkje mange røyrleggjarar, so eg reknar med at det vil vere nok å gjere framover også", svarar Frode. "Eg trur eg slepp å utdanne meg fleire gonger etter dette. Og når eg i tillegg trivast so godt i jobben, ser framtida lys ut", avsluttar den 27-årige lærlingen frå Ulvik.
|
23.03.2020 | |
![]() Lærling i produksjonsteknikkfagetHjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr: Les meir.. | |
19.02.2020 | |
Ledige læreplassar 2020 Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ei rekke ulike fag. Les meir..
| |
18.02.2020 | |
| |
25.02.2019 | |
| |
05.03.2018 | |
![]() Nokre av våre medlemsbedrifter har enno ledige læreplassar våren 2018. For stillingane er det søknadsfrist snarast (pr. 11.mai) Les meir..
| |
05.03.2018 | |
Mange nye fagarbeidarar
![]() Det er gledeleg å registrere at fleire og fleire vel å bli fagarbeidarar.
På den årlege utdelinga av fagbrev i januar, var det heile 35 nye fagarbeidarar som fekk utdelt fagbreva sine av ordføraren i Voss.
2017 vart dermed eit rekordår. Les meir..
| |
Ledige læreplassar | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..
| |
03.10.2016 | |
| |
17.08.2016 | |
Framleis ledige læreplassarPr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..
| |
11.03.2016 | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..
| |
08.03.2016 | |
| |
02.12.2015 | |
![]() Salsfaget - mitt lærefagPå Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..
| |
30.10.2015 | |
| |
19.11.2014 | |
Fyrste lærlingen i HordalandJens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..
| |
22.10.2014 | |
![]() Byggdriftarfaget - nytt fagbrevVaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..
| |
15.04.2014 | |
| |
14.02.2014 | |
![]() Mitt yrke"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..
| |
29.01.2014 | |
| |
22.02.2013 | |
| |
21.02.2013 | |
| |
30.01.2013 | |
| |
17.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
![]() Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfagetDet var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..
| |
11.12.2012 | |
![]() Heldige lærlingar til SpaniaOpplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..
| |
11.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
|