Lærling

 
 
Pr. jauar 2018 har Opplæringskontoret 70 lærlingar fordelt på 52 medlemsbedrifter.
Lærlingordninga er regulert av Opplæringslova og forskrifter.
Som tilsett i bedrifta, er lærlingen også omfatta av Arbeidsmiljølova.
 

Finn ledig læreplass

Ynskjer du læreplass, er det fleire ting du kan gjere for å få lærekontrakt:
  •  er du skuleelev på VG2, hugs å alltid registrere deg som søkjar på www.vigo.no innan søknadsfristen om våren (1.mars).
  •  kontakt oss for informasjon om ledige læreplassar. Kom innom kontoret vårt, ring eller send oss ein epost med søknad og CV vedlagt. 
  •  kontakt dei lærebedriftene der du kan tenkje deg jobb, og forhøyr deg om dei har planar om å ta inn lærlingar. Møte gjerne opp personleg og legg att CV og generell søknad.
  •  Sjekk websida til bedrifter du kan tenke deg læreplass i, dei fleste legg ut ledige læreplassar  på websidene sine.
  •  følg med på utlyste stillingar/læreplassar på www.nav.no og www.finn.no
  •  Sjekk lokalaviser, distriktsaviser og fagtidsskrift for utlyste stillingar. Kvart år medio februar har Opplæringskontoret inne fellesannonse i Hordaland og Vaksdalposten for alle våre medlemsbedrifter som søkjer lærlingar - annonsa vert og lagt ut på på våre websider og fb-sida vår.
  •  følg med på http://www.hordaland.no/si facebook-side.

 Finn lærling

Er du medlemsbedrift eller anna bedrift som vurderer å ta inn lærling, so ta kontakt med oss. Vi hjelper deg å skaffe rett lærling til nettopp di bedrift.
  •  Vi har oversyn over ledige lærlingar, både lokalt og for heile Hordaland
  •  Vi kan også sende deg lister på epost, eller bedrifta di kan få eigen nettilgang til Hordaland Fylkeskommune sin database over ledige lærlingar i fylket.
  •  Bli med i vår gratis fellesannonse i Hordaland og Vaksdalposten i mars kvart år - der vi lyser ut ledige læreplassar.


OKIHO på facebook  
Aktuelt
Andre nettstader
Nye fagbrev
Opplæringskontoret for Indre Hordaland

 Telefon
 56 51 44 60



 Mobil
 958 16 373






 Postadresse
 Postboks 94
 5701 VOSS



 Besøksadresse
 Furevegen 15
 5705 VOSS



        Rediger