Salsfaget - mitt lærefag | |
På Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan Shellstasjonen ligg rett utanfor Dale i Vaksdal, ved E16. Mange kundar er innom i løpet av dagen, både privatbilistar, yrkessjåførar - og lokale gåande. Stasjonen ligg vegg i vegg med Camilla’ Kro, so for fleire er dette ein treffstad. Dei er 6 fast tilsette (5 årsverk), samt ekstrahjelper i helgane. Kvifor valde du denne utdanninga? «Det var litt tilfeldig. Eg var ferdig med vidaregåande, og byrja på examen philosophicum på universitetet, med planar om å ta spansk. Men eg var ganske skuletrøtt etter 3 år på vidaregåande, so etter ei tid slutta eg. Eg hadde ei god stund hatt helgejobb på Dale Trafikksenter. Der vart det lyst ut ein lærlingejobb i salsfaget. Eg kunne godt tenke meg den jobben, so eg kontakta sjefen og forhøyrde meg - og var heldig som fekk jobben», fortel ein smilande lærling. Kva type arbeidsoppgåver har du? «Arbeidsdagen min kan vere svært variert. Det spenner frå kundehandsaming, varepåfylling og -bestilling, tillaging og sal av mat og snacks - til leverandørkontakt, retur av blad og å telle opp kassa», fortel Simen. I tillegg til arbeidet inne i butikken, må han også sjekke at alt er som det skal på uteområdet og ved bensinpumpene. I overgangen mellom sommar- og vintersesong får han også høve til å jobbe med omlegging av dekk på verkstaden - vegg i vegg. I salsfaget er det viktig å vere kunde- og serviceorientert, blid og høfleg og vere viljug til å ta i eit tak der det trengs. Ein bør ha gode kommunikasjonsevner, vere ryddig, ha økonomisk sans og bra språkkunskapar. Kva er det beste med jobben din? «Det kjekkaste er møtet med kundane», seier han. «Her er for eksempel ein del faste kundar, og det er hyggjeleg å verte kjend med dei. Enten det er faste eller tilfeldige kundar, prøvar eg å vere imøtekomande og høfleg heile tida. «Når det gjeld arbeidskollegaene mine, har vi ein god tone og eit veldig bra samarbeid, so dei betyr også mykje for trivselen min. Av dei som jobbar fulltid, er Simen blant dei yngste. Men det er fleire unge tilsette som ekstrahjelp i helgane», fortel han. Han jobbar ei veke tidlegvakter og ei veke seinvakter, og seier at den ordninga fungerer fint for han. Teorikurs i Bergen Sidan Simen hadde reiselivlina frå Vg2 - og ikkje sal/service og tryggleik, måtte han i tillegg avlegge tverrfagleg eksamen i salsfaget. Skuleåret 2014-15 reiste han difor til Bergen ein dag i veka og fekk undervisning på vidaregåande skule der. Han fortel at det var eit svært godt undervisningsopplegg med dyktige lærarar og interessante tema. «Vi lærte blant anna om korleis bedrifta skal oppretthalde ein god økonomi, lønsemd, marknadsføring, kundehandsaming, salsmetodar, tilsetjingsprosessar og mykje meir», fortel Simen. I juni bestod han tverrfagleg eksamen i salsfaget.
Simen er ferdig med læretida si 31.12.15. Truleg vert det ikkje fagprøve før i januar. «Eg trur at den praktiske delen av fagprøven skal gå greit. Det er den teoretiske delen eg kvir meg litt for. Eg har rydda i permen min, slik at eg har system på alle dokumenta der. Eg vil i tillegg gå gjennom alle kompetansemåla på nytt og repetere desse, slik at eg hugsar betre kva det enkelte dreiar seg om», fortel han. I tillegg vil dagleg leiar, Simen og Opplæringskontoret ha eit siste førebuingsmøte rett før fagprøven, der dei i felleskap gjennomgår viktige tema til fagprøven. Kva med jobb etter endt læretid? «Eg trivast svært godt i jobben på Dale Trafikksenter, og har allereie spurt sjefen min om det er mogelegheiter for arbeid her når eg er ferdig med læretida. Det har han sagt ja til, og det er eg veldig glad for», avsluttar Simen. |
23.03.2020 | |
![]() Lærling i produksjonsteknikkfagetHjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr: Les meir.. | |
19.02.2020 | |
Ledige læreplassar 2020 Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ei rekke ulike fag. Les meir..
| |
18.02.2020 | |
| |
25.02.2019 | |
| |
05.03.2018 | |
![]() Nokre av våre medlemsbedrifter har enno ledige læreplassar våren 2018. For stillingane er det søknadsfrist snarast (pr. 11.mai) Les meir..
| |
05.03.2018 | |
Mange nye fagarbeidarar
![]() Det er gledeleg å registrere at fleire og fleire vel å bli fagarbeidarar.
På den årlege utdelinga av fagbrev i januar, var det heile 35 nye fagarbeidarar som fekk utdelt fagbreva sine av ordføraren i Voss.
2017 vart dermed eit rekordår. Les meir..
| |
Ledige læreplassar | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..
| |
03.10.2016 | |
| |
17.08.2016 | |
Framleis ledige læreplassarPr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..
| |
11.03.2016 | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..
| |
08.03.2016 | |
| |
02.12.2015 | |
![]() Salsfaget - mitt lærefagPå Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..
| |
30.10.2015 | |
| |
19.11.2014 | |
Fyrste lærlingen i HordalandJens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..
| |
22.10.2014 | |
![]() Byggdriftarfaget - nytt fagbrevVaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..
| |
15.04.2014 | |
| |
14.02.2014 | |
![]() Mitt yrke"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..
| |
29.01.2014 | |
| |
22.02.2013 | |
| |
21.02.2013 | |
| |
30.01.2013 | |
| |
17.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
![]() Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfagetDet var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..
| |
11.12.2012 | |
![]() Heldige lærlingar til SpaniaOpplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..
| |
11.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
|